Topp Trening

TILBOD

Avtale om trening v/ToppTrening for medlemmar i Ørsta Sykkelklubb Avtaleperiode: September 2017 – August 2020
Målsetting: Målsettinga for avtalen mellom ToppTrening og Ørsta sykkelklubb er å drage gode vekslar på kvarandre, bidra til gode treningsmiljø og støtte opp dei ulike verksemdene
Om oss: ToppTrening har eit inkluderande treningsmiljø, og jobbar aktivt for at kundane skal trivast! Vi har sterk og lokal forankring, lang erfaring i treningssenterbransjen, i tillegg til brei fag-kompetanse innan helse, fysisk aktivitet og trening. ToppTrening står for topp treningstilbod, topp kompetanse, topp utstyr og gjenspeglar plasseringa i hjartet av Sunnmørsalpane.
Kva får du som kunde hos oss? Er du kunde på ToppTrening får du tilgang til heile treningstilbodet og meir:

Oppdatert informasjon, nyheitsbrev, timeplanar, og aktuelle nyhende finn du på nettsida: www.topptrening.no

Inkludert i tilbodet er:

Gruppetimar , Sykkeltimar med wattmåling m.m. Pulssystem på gruppetimar  Treningsrettleiing , Styrkeavdeling , «Min Side» Nettbooking, Workshops og foredrag Rabattavtalar, Treningsapp

I tillegg har vi:  Personlig trening  Kosthaldsrettleiing  Livsstilskurs  Tanita-måling (kroppsanalyse) Sportsdrikkar, T-skjorter/Bag
Hos oss er det alltid, lyse, reine og trivelige lokale. Høg kvalitet på treningsutstyret, dyktige instruktørar med lang er faring, og hyggelig personale som ser deg.
Tilbodet frå ToppTrening:
– Individuelle medlemskap: Månadspris: 35% av gjeldande månadspris. Pr.d.d. er månadsprisen kr 470-35%=305,- Prisen gjeld medlemmer i Ørsta sykkelklubb. Inga bindingstid. Tilbodet kan ikkje kombinerast med andre avtalar som t.d. familieavtalen. Aldersgrense: 15 år i følgje med vaksen, 16 år åleine. Prisen er fast dei første 6 mnd av avtalen, deretter er det prisjustering som normalt etter konjunktur.
– Fri etablering/nøkkelkort til 31.10.2017. Deretter etableringskostnaden kr 399,- inkl. nøkkelkort. Har ein nøkkelkort frå før, kan dette nyttast.
– 35% rabatt på gruppetimar som er utanom det ordinære tilbodet til ToppTrening. Demotimar/prøvetimar for å teste tilbodet er gratis, og må avtalast på førehand. –