Gateritt i Ulsteinvik sentrum

Ulstein og Omegn Sykkelklubb og Ørsta Sykkelklubb skal arrangere eit sykkelritt i Ulsteinvik sentrum søndag 6. september. Dette vert eit rundbaneritt for born og ungdom 6-16 år. Løypa er på 900 meter, fokus er på teknikk og høg intensitet. Deltakarane skal sykle eit bestemt tal rundar tilpassa alder. Gateritt er spanande og populært blant både utøvarar og publikum!

Påmelding fram til kl. 12.30 rittdagen. Deltaking kr. 50. For aldersgruppe 13-16 år kjem lisens på kr. 50 i tillegg. Arrangøren er glad for førehandspåmelding til erlend.andersen@domstol.no

Klassedeling:
K/M 6-9 år, K/M 10 år, K/M 11-12 år, K/M 13-14 år og K/M 15-16 år. Dei yngste kan stille med valfri sykkel. Årsklasse 11-16 år inngår i ungdomscupen i fylket. Racersykkel er absolutt å anbefale for dei to eldste klassene. Hugs også hjelm!

Alder Rundetal Ca. tid (minutt) Starttid
6 1 3 13.00
7 2 5 13.00
8 3 8 13.00
9 4 10 13.00
10 5 12 13.20
11-12 10 20 13.20
13-14 15 28 13.50
15-16 20 35 13.50

Løypa blir avstengd under arrangementet, frå kl. 13.00 – 14.30. Arrangøren har mange vakter rundt løypa, for å sikre tryggleiken til deltakarane. Der vil også vere dommarar frå sykkel-forbundet for å ivareta regelverk og tryggleik.

Gateritt_Ulsteinvik_2015
Løypekart. Løypa går med klokka.

Flotte premiar! Lik premie til alle i aldersgruppe 6-12 år. Frå årsklasse 10-16 år vert det utarbeida resultatliste, med pokal til dei tre beste i kvar klasse. Det er også flotte uttrekkspremiar!

Dette er siste rittet i ungdomscupen i år. Du treng likevel ikkje å ha vore med i sykkelritt tidlegare for å stille til start i dette rittet. Cupen er for årsklasse 11-16 år. Hovudsponsor i år er Intersport. Etter gaterittet er det klart kven som vinn samanlagt i dei ulike klassene, og det vert trekt flotte premiar blant deltakarane!

Vel møtt!