«Sparebanken Møre Reser ungdomscup» i Møre og Romsdal 2017, for aldersgruppe 11-16 år.
Også i år er det konkurransar for ungdom her i fylket. Målet med denne cupen er større rekruttering til sporten. Ritta er tilpassa alder. Dei som er med på mange ritt blir med i trekning av hovudpremie etter sesongen. Det er også premiering etter kvart ritt.
Ein får poeng etter resultat i kvart ritt ein er med på. Jo fleire ritt, jo større sjanse til å få god plassering i årsklassa! I fjor var det berre ein ungdom som var med i alle ritta i cupen.
Hugs at klubben har utlån av syklar til ungdom. Vi har fleire racersyklar, aldersgruppe ca. 10-15 år. Vi har også eit par knallgode terrengsyklar for ca. alder 8-12 år.
Ungdom kan også møte på fellestrening tysdag (terreng) og torsdag (landeveg) kl. 18:30. Dei vil då få oppfølging. Klubben har fleire med Trenar 1- kurs, og ein med Trenar 3- kurs. Kom og bli med!’
Ungdomscup 2017:
Mai
Måndag 1.5 Norodd IL sykkel. Vårmila. Landeveg.
Lørdag 6.5 ÅOC. Ålesundstempoen. Landeveg.
Søndag 7.5 ÅOC. Ålesundsrittet. Landeveg.
Søndag 21.5 Ulstein OCK. Ulsteinrittet. Landeveg.
Torsdag 25.5. Fræna SK. Frænarittet. Terreng.
Søndag 28.5 Sykkylven SK. Sykkylven Energirittet. Landeveg.
Juni
Søndag 4.6 Molde CK. Molderittet. Landeveg.
Måndag 5.6 Ørsta SK. Dalsfjorden rundt. Landeveg.
Lørdag 10.6 Eidsdal IL. Nibberittet. Landeveg.
Søndag 11.6 Eide IL. Atlanterhavsrittet. Landeveg.
Lørdag 24.6 Rauma SK. Trollstigrittet. Landeveg.
Juli
Søndag 2.7 Ørsta SK. Hovderittet. Terreng.
Lørdag 15.7 Molde CK. Molde Challenge. Terreng.
August
Søndag 13.8 ÅOC. Svartløken off road. Terreng.
September
Søndag 9.9. Molde CK. Cupavslutning.