Gjer Bondalen til sykkeleldorado
Dugnad
Han vart ein svært glad mann då Møre-Nytt kunne fortelje at klubben får tildelt midlar frå Gjensidigestiftelsen.
– Det er topp. Vi kjem langt med desse pengane. Så får vi håpe at dugnadsånda også er til stades, seier han.
For det er mykje arbeid som skal til for å få realisert råsa.
– Vi må byggje fleire klopper, altså treplankar som vi legg over myr og vatn slik at det vert lettare å sykle, fortel Lerheim. Ideen til sykkelråsa er det han som har kome med, og han har sykkelklubben i ryggen.– Vi treng ei slik rås. Det finst ikkje liknande i Ørsta eller Volda per i dag, utan at det er meir ekstrem downhill. Det passar ikkje for alle. Dette er ei såkalla flytrås. Her kan heile familien vere med fordi det er slakk bakke, også kan folk tilpasse farta etter eige behov og alt etter kor store utfordringar dei vil ha, om du køyrer aleine eller er på søndagstur med heile familien.
Råsa vil ha ei høgdemeter på rundt 200, og totallengda, når begge fasane er gjennomført, heilt opp til Rekkedalsetra, vil vere på om lag 12 kilometer tur/retur.
Attraktiv
Løypa skal starte på Rekkedal og følgje eksisterande seterveg til Rekkedalsetra. Etter 4 kilometer går løypa inn i skogen, 50–100 meter frå vegen.
– Råsa vil ligge i attraktive sløyfer med ulike utfordringar, skildrar Lerheim.
Det er også slik at dei som ikkje vil sykle heile løypa, enkelt kan kome seg tilbake til vegen.
– Det fine med dette er at vi får ei skikkeleg sykkelrås for heile familien i vår eigen bakhage. Så slepp vi å reise til Hafjell og Trysil for å oppleve det.
Sykkeldestinasjon
Planen er å starte opp arbeidet med råsa i vår slik at første fase står klar til i sommar. Deretter vil dei starte opp fase to til hausten igjen, slik at heile løypa står klar til sommaren 2017. Avtalar med grunneigarane er også orda med. Totalt har dei ei kostnadsramme på 375.000 kroner.
– Vidareføringa etter at råsa er ferdig vil det vere Ørsta Sykkelklubb som tek seg av på dugnad, og vi vil vidareutvikle området i Bondalen til å verte ein sykkeldestinasjon for heile familien. Dette vil også skape ei svært god helseeffekt med å få fleire ut i naturen, seier Lerheim, som håper at mange fleire enn Ørsta Sykkelklubb sine 200 medlemer vil sjå nytta og gleda ved satsinga deira på Rekkedal.