Hausten er her og vi startar opp spinning på Topp Trening kvar tirsdag kl. 20-21. Første time vert tirsdag 10. okt.
Spinningtimane er gratis for alle medlammar av Ørsta sykkelklubb (vi sponsar dette i år med håp om godt oppmøte. Gjeld kun klubbens spinningtimar, ikkje styrkesal)
Topp Trening har topp spinningsyklar med puls- og wattstyrt trening, samt projektor/storskjerm. Så bra som det kan få blitt!
Alle medlemmer som også vil trene styrke, får 35% rabatt, og innan 31/10 også gratis etablering:
- Individuelle medlemskap: Månadspris: 35% av gjeldande månadspris. Pr.d.d. er månadsprisen kr 470-35%=305,- Prisen gjeld medlemmer i Ørsta sykkelklubb. Inga bindingstid. Tilbodet kan ikkje kombinerast med andre avtalar som t.d. familieavtalen. Aldersgrense: 15 år i følgje med vaksen, 16 år åleine. Prisen er fast dei første 6 mnd av avtalen, deretter er det prisjustering som normalt etter konjunktur.
- Fri etablering/nøkkelkort til 31.10.2017. Deretter etableringskostnaden kr 399,- inkl. nøkkelkort. Har ein nøkkelkort frå før, kan dette nyttast.
Meir info om Topp trening her: www.topptrening.no