Gateritt i Ulsteinvik sentrum

Ulstein og Omegn Sykkelklubb og Ørsta Sykkelklubb skal arrangere eit sykkelritt i Ulsteinvik sentrum søndag 6. september. Dette vert eit rundbaneritt for born og ungdom 6-16 år. Løypa er på 900 meter, fokus er på teknikk og høg intensitet. Deltakarane skal sykle eit bestemt tal rundar tilpassa alder. Gateritt er spanande og populært blant både utøvarar og publikum!

Continue reading →

Klubbdraktene er komne!

Då er klubbdraktene klar for avhenting på Sport1 i Ørsta. Bestilte varer ligg i posar merka med namn. Informasjon om kontonummer og pris ligg i posen. Dersom det syner seg at bestilt størrelse passar dårleg, kan du prøve å bytte plagget mot eit lite lager som også ligg hos Sport1.

Resultata for Hovderittet

Klar til start!
Nokre minutt før startskotet går for Hovderittet 2015.

Då er første utgåve av Hovderittet historie! Mange flotte tilbakemeldingar frå deltakarar og publikum fortel om eit vellykka arrangement. Perfekt ver, god deltaking og ei fin ramme rundt rittet. Det var mange blide fjes å sjå. Dette må vi få til igjen! Ei stor takk til alle som har vore med å bidratt!

Les vidare for resultat, bilder og stemningsrapport.

Continue reading →

Særs gode resultat under Nordfjordrittet

11248798_10155675209315092_4486316200877264254_n
David på seierspallen

Gratulerer til talentfulle David Dagestad Myklebust med ein imponerande 3. plass under Nordfjordrittet. Seier gikk til Ålesund OCK med to mann i brudd. Nokre minutt bak kom forfølgergruppa jagande, og med ein kraftspurt av dei sjeldne gjorde David kort prosess opp dei bratte bakkane mot mål på Vereide. Like bak, på 6. plass følgte Olav-Andre Myklebust. Sterkt!

Continue reading →

Innkalling til dugnad

I forbindelse med det nært foreståande Hovderittet vert det dugnad både mandag 8. og onsdag 10. juni. Frå klokka 17.30 og utover. Oppmøte ved Hovden Møbel, evt. om du kjem seinare så finn du oss inne i løypa (eller ring 91617078). Ta med grafse/spade om du har, og gjerne trillebore. Vi har ordna med traktor, grus og lastebil. Men det trengs mannskap. Vi er avhengig av at flest mulig møter!